Episode 3 : intervju med Gunnhild Øyehaug (nynorsk)


Karin Kukkonen: Forfatterskapet ditt har en utrolig bred rekkevidde av emner, fra lingvistisk teori til miljøspørsmål. Hvilken rolle spiller tilfeldigheten når du velger emnet til din neste roman eller novella?

Gunnhild Øyehaug: Eg tenker ofte på konseptet «assosiasjon» som grunnleggande for skrivinga mi, i alle fall viss eg blir spurt om eg kan skildre den. På idé-planet: Ein tanke, eit sanseinntrykk, ein tekst, ei setning, eit ord, eit skilt, eit lys kasta inn over veggen på ettermiddagen, ein samtale overhøyrt på bussen, etc etc, får meg til å tenke på noko heilt anna. Den plutselege brua mellom dei ulike elementa er det som skaper ein samanheng, ein idé, ein struktur. Og mens ein skriv, vil også orda bere sine eigne assosiasjonar, og føre teksten ut i retningar ein ikkje hadde tenkt på då ein byrja å skrive. Det er først ved å faktisk skrive at retningane viser seg, eller vegane opnar seg opp. Ord er eit omskifteleg og plastisk materiale, og ofte endar ei setning ein heilt annan stad enn eg i utgangspunktet tenkte at den skulle ende, fordi eitt av orda (eller ei av betydningane til ordet) reagerte med omgjevnadane sine og straks kravde andre og nye ord. Den danske forfattaren Inger Christensen har sagt noko som er så fint om kva som hender når ein byrjar å skrive, ho skriv: «Inderst inde ved man, at begyndelsen er en bro, der er bygget i forvejen, men det er først, når man går ud i det tomme rum, at man kan mærke broen under fødderne». Då eg skreiv Vonde blomar, den siste novellesamlinga mi, var eg interessert i å skrive tekstar som berre så vidt hadde ei dramaturgisk linje, som hoppa fram og tilbake (for eksempel i tankane til forteljaren), og det merkelege var at i den første novella som eg prøvde å skrive på den måten, som handla om ein ornitolog som hadde mista ein del av hjernen – den delen som inneheldt all kunnskap om fuglar – dukka fugletypen bekkasinar opp, og eg fann ut at enkeltbekkasinen sin måte å lette på er kjenneteikna ved ei flakkande sikk-sakk-rørsle. Heilt tilfeldig dukka det altså opp eit symbolsk flygemønster i ein tekstmasse som nettopp søkte ei meir flakkande, dramaturgisk utvikling. Og slik er det også litt, når ideen til ei ny bok oppstår. Det er både eit sprang og ei utvikling. Ofte gir eitt verk ideen til den neste, – men det finst det jo slett ingen plan for, mens ein skriv. På den måten blir bøkene til nokså tilfeldig, men samtidig ikkje tilfeldig i det heile, ettersom dei svarer på noko i eit føregåande verk: «det er først når man går ud i det tomme rum, at man kan mærke broen under fødderne».

 

Karin Kukkonen: Romanene og novellene dine ofte refererer til litterær teori, for eksempel, fordi protagonistene er litteraturvitere (som Laure I Presensmaskin eller Undis i Undis Brekke), eller fordi du nevner for eksempel Shklovsky sin artikkel om «fabelen». Disse tekstene reflekterer hvordan de er konstruert (og hvordan den kan analyseres). Åpner en sånn meta-fiksjonal strategi til spesielle muligheter for å innebygge tilfeldigheten?

Gunnhild Øyehaug: Eit kvart element ein tek inn i teksten har potensiale til å endre tekstens retning, eller retningar i teksten. Slik er det også med litteraturteori. Eg har generelt vore interessert i det interne spelet som oppstår i møtet mellom ulike element, og gjerne sidestilt element frå høgkultur med element frå såkalla lågkultur, for eksempel klassiske litteratur-referansar med tv-show eller pop-musikk-referansar. Å nytte referansar er elles også ei innblanding frå essayet si verd inn i fiksjonen, og det same kan til dels seiast om litteraturteorien – det er ein måte å kombinere det analytiske med det skapande. Noko av det som interesserer meg mest, er nemleg korleis meining oppstår, korleis noko blir til, korleis noko går tapt, – korleis noko kan oppstå og oppløysast omtrent samtidig, når ein handlar med ord. Eg er grunnleggande interessert i kulturelle uttrykk, i forteljemåtar, forteljestrukturar, seiemåtar, og særleg er eg kan hende interessert i korleis forteljestrukturar eller språklege bilete over tid stivnar og blir til klisjé, eg er interessert i propaganda- og reklamespråk, biografi-språk, og eg er nok i dei skjønnlitterære tekstane som eg skriv interessert i korleis skape medvit i teksten om tekstens eige element av stivning, altså form, altså språk. Metafiksjonen opnar opp for stadige brot og stadige skift i retning, og det å destabilsere formen samtidig som den blir skapt er kanskje metafiksjonens første rolle i verka. Den andre rolla er å skape eit rom som er like fiktivt som det er verkeleg. Ei slags sol-glødande heis ned i underverda. Men om eg snur på det, og prøver å tenke på korleis det må kjennast for den litteraturteoretiske referansen å plutseleg ha havna heilt uforvarande i eit fiksjonsunivers – til dømes Aristoteles’ teori om fabelen som plutseleg har ramla ned i min roman om parallelle univers der fabelen ikkje er eintydig, staden dobbel, tida delt, og innsiktene på slutten av romanen kanskje meir grumsete enn krystallklare – undrar eg her i sit i to sekund på om ein av konsekvensane av metafiksjonen er at den også opnar for å destabilisere eller i det minste implisitt diskutere den litterære referansen. Og eg veit ikkje om eg hadde likt, dersom eg var Paul de Man eller Maurice Blanchot, å havne, som i Blanchot sitt tilfelle, i ei elv i Praha, motstraums (som han gjer ei novelle eg har skrive), eller om Paul de Man hadde sett pris på å bli samanlikna med hestehovudtåka i verdensrommet (som han blir, i romanen Vente, blinke). Men den litterære assosiasjonen bryr seg ikkje om det, og assosiasjonen er, kanskje, trur eg, ein tilfeldigheitsskapt, men samtidig intuitiv, analytisk reiskap.

 

Karin Kukkonen: Din novelle “Draumeskrivar” trekker frem det drømmeaktige som er ofte lenket til litterær skriving. I drøm hard et seg slik at hva vi mener er nødvendig og hva vi mener skjer tilfeldigvis er ofte speilvendt på en rar måte. Synes du at drøm (eller å skrive om drøm) er særlig relevante for tilfeldighet i litteraturen?

Gunnhild Øyehaug: Absolutt. Det fascinerande med draumar er blant anna at dei opnar opp ei side ved mennesket som er anti-rasjonell og ikkje-målstyrt. Ein har eit slags myldrande indre som er uforståeleg, og det vil ein helst ikkje at skal piple opp i det livet der ein har kontroll og er eit vellukka menneske. Inger Christensen: «Til daglig lader vi simpelthen som om vi lever i nødvendighedens rige, hvorfra vi dikterer tilfældigheden dens betingelser, og ikke omvendt». At draumar er viktig i tekstane mine har med dette å gjere, trur eg, at det slepper til det som er ustabilt, vilt, springande, og absurd – og nettopp tilfeldig – ved det menneskelege, i det daglege livet, i tanken. For slik hjernen koplar og lagar kentaurar av ting ein har opplevd i draume, opnar draumar i tekst for å vise fram det; det vesle mellomrommet mellom det rasjonelle og det absurde. Hovudpersonen i «Draumeskrivar» ser for seg at dersom ho var eit fly som hadde krasja, og ein fann den svarte boksen som rapporterer om flyets rørsler, ville ein ikkje finne noko anna enn ei setning frå Draumkvedet: «Høyrer vatn, og ser det ikkje, under jorda må det renne». Komponisten Arvo Pärt har sagt i eit intervju, om korleis han tenker om musikk: ««This is how I imagine music. It’s like food. Like a field full of grain». Og eg har nesten lyst til å seie at det er slik eg tenker på det litterære draumelandskapet også, og viss eg kombinerer Draumekvedet-sitatet, om å høyre vatn som renn under jorda, og Pärt si utsegn om musikk som mat, får eg kan hende skapt eit forslag om kva draumar i litteratur er, for meg; ei elv av mat, av korn, som renn under jorda. Men er det ein vellukka metafor? Kanskje, og særleg dersom ein fokuserer på det rennande i metaforen, at draumane i tekstane ikkje er stille og fastplasserte som såkorn på kvar sitt vesle område i jorda, men i flaum og i rørsle – og alltid i stand til å finne nye løp. Det omskiftelege – eg har vore interessert i kor mykje av den aktiviteten vi reknar som utført i vaken tilstand, som tenking, vurdering, analyse, minne, hukommelse, etc, er prega av dikting og fiksjon, og eg søker ulike måtar å avsløre impulsen til spekulasjon. Det metafiktive sporet i tekstane er altså éin måte å opne opp for gråsonene, draumesporet ein annan. Begge går imot det rettlinja, og finn oksygen i det tilfeldige. For å konkludere: Skjønnlitterær skrift for meg knytt til den stadige koplinga mellom synleg og usynleg, form og oppløysing av form, fordi det er eit nødvendig vern, for å bruke ein term frå Christensen, mot overproduksjon av orden: «Vi kunne måske også forestille oss tilfældigheden som en diffus energiklide, som alene ved sin tilstedeværelse havde en ordnende virkning, en slags medløb ind i vores egen produktion af orden. Og forestille os, at vi gennem dette tilfældighedens medløb fik et værn mod vores egen overproduktion af orden». Slik er draumane eit vern i menneskelivet, og slik er skjønnlitteraturen eit vern i samfunnet.


Vous aimerez aussi...

Rechercher dans OpenEdition Search

Vous allez être redirigé vers OpenEdition Search